Regjeringa vil kutte i kompensasjonsordninga for oljepionerane i statsbudsjettet for 2027. SAFE meiner ordninga må styrkjast, ikkje svekkjast.
Oljepionerane var med på å byggje grunnlaget for den norske olje- og gassnasjonen. Mange gjorde det med eiga helse som innsats. Dei arbeidde med kjemikaliar og under forhold som aldri ville blitt aksepterte i norsk arbeidsliv i dag. No handlar det om korleis staten gjer opp for seg.
SAFE meiner kompensasjonen må aukast til 65 G. Men pengar åleine løyser ikkje problemet. Dagens ordning er for snever. Den avgrensa sjukdomslista og den altfor snevre definisjonen av hvilke grupper som er eksponert, fører til at sjuke oljepionerar faller utenfor.
– Det er ikkje godt nok, seier forbundsleiar Raymond Midtgård.
Når vi veit kor mangelfull kunnskapen om kjemisk eksponering offshore var i pionertida, kan vi ikkje fleire tiår seinare lage ei ordning med så snevre kriterium at menneske som faktisk blei sjuke etter dette arbeidet, blir avviste.
Vurderinga må i langt større grad ta utgangspunkt i kva den enkelte faktisk blei utsett for i arbeidet, og om det er ein sannsynleg samanheng mellom eksponeringa og helseskadane.
– Sjukdomslista må utvidast, og ordninga må ha ein reell sikkerheitsventil.
Samtidig kjem regjeringa med eit kraftig kutt i løyvinga til ordninga i statsbudsjettet for 2027.
For SAFE er dette svært vanskeleg å akseptere.
– Å først erkjenne at oljepionerane fortener ei særskild kompensasjonsordning, og at kompensasjonsnivået skal forbetrast, for deretter å barbere løyvinga frå 455 millionar kroner til rundt 84 millionar, opplevast som eit hån mot menneske som har venta i fleire tiår på eit rettferdig oppgjer, meiner han.
Mange oljepionerer er alvorleg sjuke. Mange er blitt gamle. Andre har allereie gått bort. Dei har ikkje tid til at staten skal bruke nye år på å diskutere seg fram til kva som er rett.
SAFE krev derfor:
- Kompensasjonen må aukast til 65 G.
- Den avgrensa sjukdomslista må utvidast.
- Vurderinga må i større grad byggje på faktisk eksponering.
- Pionertida må minst utvidast til 1995.
- Alle relevante yrkesgrupper må kunne omfattast.
- Det må etablerast ein reell sikkerheitsventil for dei som fell utanfor dei ordinære kriteria.
- Stortinget må sikre nødvendige pengar til ordninga.
Staten har tent enorme verdiar på innsatsen deira.
– 65 G handlar ikkje berre om storleiken på ei utbetaling. Det handlar om kva verdi vi som samfunn set på menneska som tok risikoen då den norske oljeindustrien blei bygd, meiner han.
Då kan ikkje svaret til sjuke oljepionerar vere ei snever sjukdomsliste, avslag og reduserte løyvingar.
– Oljepionerane har venta lenge nok. No må Stortinget levere eit reelt og verdig oppgjer.